Mars 2021: Dag etter dag, kveld etter kveld, var det fullt av sjåførar som leika seg på isen i Etnefjorden.
Foto: Arne Frøkedal
Tilbakeblikk på 2021
Januar
Fekk dei første korona-vaksinane
Både Sverre Bernard Ihle (90) frå Ilsvåg og Aud Langhelle (83) frå Skånevik er glade for å få første dose av korona-vaksinen. I kvar sin kommune var dei også første person til å få det etterlengta stikket.