Terje Halleland Arkivfoto
ArkivfotoFOTO: Svein-Erik Larsen
Terje Halleland ny styreleiar i Lufthavndrift AS
Halleland, som har brei erfaring frå både privat næringsliv og politikk, seier han ser fram til å ta fatt på rolla som styreleiar.
— Selskapet har ei viktig rolle i regionen, og eg ønskjer å bidra til å vidareutvikla lufthamna som ein sentral aktør for både næringsliv og samfunn, seier han.
Han omtalar det som inspirerande å overta etter Martin Laurhammer, og peikar på at Lufthavndrift AS står på eit solid grunnlag etter arbeidet som er gjort dei siste åra.