Biblioteka i Etne og Vindafjord er vane med samarbeid, og går nå saman om teiknekonkurranse. Her bibliotekarane Ingeborg Sørheim (t.v) og Guri Ravatn i samband med den internasjonale bamsedagen.
Arkivfoto: Grethe Hopland Ravn
Teikn Koronatrollet!
Etne bibliotek og Vindafjord bibliotek, i samarbeid med Grannar, inviterer alle barn i Grannar-distriktet til teiknekonkurranse.
— Det er underlege tider, både for barn og vaksne. Gjennom teikning kan barn få uttrykka nokon av kjenslene og tankane dei har rundt situasjonen. Teikninga kan også kanskje vera ei hjelp for barna til å forstå nokre av reglane me nå må følgja i den store samfunnsdugnaden me alle tek del i. Me inviterer derfor barn til å teikna Koronatrollet», seier Ingeborg Sørheim og Silje H. Birkeland ved høvesvis Etne og Vindafjord bibliotek.
Her er det lov å la fantasien og tankane få fritt utløp, og ein kan teikna morosame, skumle, fine, tankefulle eller rare teikningar av Koronatrollet. Ta bilde av teikninga og publiser dette i ei Facebook-gruppe som heiter Teikn Koronatrollet! – teiknekonkurranse for alle barn i Etne og Vindafjord». I lag med bildet av teikninga, ber biblioteka om informasjon som namn, alder og gjerne ei setning om kva ein har teikna.