Pukkellaks er registrert i ei rekkje elever i landete, også lokalt i Grannar-distriktet.
Foto: Eva Thorstad/Miljødirektoratet
Tar opp kampen mot pukkellaks
NPK-NTB: All pukkellaks skal fiskast opp i området frå Tana til Grense Jakobselv, foreslår Miljødirektoratet. Den svartelista arten spreier seg frå Russland.
Som hovudtiltak mot spreiinga foreslår Miljødirektoratet effektiv utfisking av pukkellaks i dette området i Aust-Finnmark, som omfattar 15 elvar.
Både i 2017 og 2019 var det elvar i Aust-Finnmark som fekk det største talet gytemodne pukkellaks.
Den svartelista stillehavslaksen invaderte norske lakseelvar desse to åra. Fisken, som er sett ut i Russland, har ein toårig livssyklus og er no tilbake i norske farvatn, melder Havforskingsinstituttet.
Pukkellaksen kan gjere stor skade på stadeigne fiskearter og anna biologisk mangfald. Den har òg stor evne til å spreie seg og etablere nye talrike bestandar, skriv Miljødirektoratet.
På oppdrag frå direktoratet har Norsk institutt for naturforsking (Nina) leidd arbeidet med forslag til handlingsplan mot pukkellaks i samarbeid med Statsforvaltaren i Troms og Finnmark. Basert på forslaget har Miljødirektoratet no gitt tilrådingane sine til Klima- og miljødepartementet.
Der blir det mellom anna tilrådd å utarbeide beredskapsplanar for elvar i Vest-Finnmark, Troms og Nordland, slik at det er mogleg å setje i verk tiltak på kort varsel dersom pukkellakseinnsiget òg her viser seg å bli stort.