Ordførar Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim opplyser onsdag ettermiddag at det blir både innstrammingar, nedstenging og restriksjonar i Etne kommune frå torsdag. Sjølv om Etne onsdag ettermiddag ikkje har nokon koronasmitta personar, meiner ordføraren det er viktig å gjera det ein kan for å unngå ny smitte.
Tar grep mot covid-19 i Etne
Etne kommune har i samarbeid med både Sauda og Suldal kome fram til felles forskrift som skal gjelda frå og med midnatt onsdag og fram til 5. april i første omgang. Forskrifta gjeld for alle personar, organisasjonar og verksemder med fast eller mellombels opphald i kommunen, blir det opplyst i ei pressemelding onsdag ettermiddag.
— Me er ein såkalla randkommune, altså ein kommune som grensar til risikoområde, og derfor har me i samarbeid med kommunane Sauda og Suldal, samt kommuneoverlege, Statsforvaltar, Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet, jobba fram ei forskrift som skal gjelde for oss involverte, seier ordførar i Etne, Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim.
Stenger ned