Kolumbus har løyvd 170.000 kroner til å drive handlebuss i Vindafjord, og tilbodet blir også utvida til Vats. Her frå handlebussen i Vikebygd. ARKIVFOTO
Tar fleire bygder med på handlebussen
Politikarane i Vindafjord opna lommeboka for at handlebussen for Imsland, Bjoa og Vikebygd ikkje skulle stoppe opp etter årsskiftet.
No har Kolumbus bestemt å vere med og drive transportilbodet som sikrar fleire eldre transport til butikken éin gong i veka.
I første omgang er det vedtatt pengar til å drive bussen ut året.