Tar alle førehandsreglar for hunden
Mawin og Molo er to av hotellgjestene som for tida oppheld seg på Lykkepoten hundehotell. Lukkeleg uvitande om sjukdommen som herjar i landet, og som gjer at dei ikkje får nye leikekameratar med det første.
Mawin og Molo er to av dei heldige på Lykkepoten hundehotell i Skjold. Dei kjem nemleg frå same heim, og har budd på hotellet sidan før utbrotet av den mystiske sjukdommen, som så langt har tatt livet av 26 hundar i landet. Dermed får Mawin og Molo framleis leika i lag på leikeplassen, dei får bu i lag og det er det ikkje alle som får. Litt kos frå hotellvert Sølvi Nordtveit er det også godt å få. Spesielt når ho har saftige godbitar i lomma si.
— Det er klart me må ta solide grep når slike tilfelle oppstår. Og kvardagen er blitt ein ganske annan no enn den var før dei første meldingane om døde hundar dukka opp, seier Sølvi Nordtveit, som eig Lykkepoten hundehotell.
Ingen nye inn