Skribenten er opptatt av rett skrivemåte på lokale stadnamn, som Nepadn, her fotografert frå Hårland.ARKIVFOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Skribenten er opptatt av rett skrivemåte på lokale stadnamn, som Nepadn, her fotografert frå Hårland.

Tapte veddemål – måtte skite frå stupet

Hårlandsnepane har trona over Hårland i tusenvis av år. Det gir grobotn for både historier og segner.

Publisert Sist oppdatert

Grannar slo på tråden til Lars Ø. Grønstad som kan to av historiane. Den eine er frå enten første eller andre anleggstida då kraftstasjonane Litledalen og Hårland vart bygd.

— Ein gong skal ein anleggskar ha tapt eit veddemål. Som eit resultat måtte han gå heilt ut på kanten ein av nepane, dra ned buksa og skite, fortel han.

— Trur du historia er sann?

— Den er i alle blitt fortald som om den skal vere sann, humrar han.

LES OGSÅ: Utsikt med potensial

Så er det eit segn som handlar om tre karar som hadde vore på jakt. På veg til Grindheimstølen skal dei i skumringa ha fått auge på eit dyr i nærleiken av nepane. Dei meinte det såg ut som ein bjørn.

— Dei var ikkje sikre, men la an og skaut. Det buldra i ura etterpå, og då dei gjekk for å sjå på byttet fann dei ein okse. Og straks etter skal dei ha høyrde dei ei kvinnerøyst som ropa Bussering, Bussering, kor e du?». Jaktkarane vart skremde, dei var sikre på det var ein huldrestut dei hadde skote, og at det ikkje ville gå dei vel. Dei var så redde at dei berre reiv ringen av det eine hornet og gav denne til Grindheimkyrkja for å gjere opp for seg, fortel han.

Den omtala ringen heng kyrkja i den dag i dag, på døra mellom våpenrommet og skipet.

Powered by Labrador CMS