Tappar bjørkesaft i litervis
Ein liten spasertur opp frå tunet heime på garden til Stian Grindheim på Grindheim i Etne står eit frodig bjørketre og sug til seg solstrålene som kryp oppover lia denne solrike aprildagen. Det livgjevande sollyset set fart på saftstiginga og fyller trestamma med tyntflytande sevje som skal gje næring til treet. Men det er ikkje berre treet som dreg nytte av sevjestraumen denne dagen. For Stian Grindheim er dette verdfulle og næringsgjevande dråpar som raskt finn vegen opp i bøttene som står plassert under treet.
— Sollys er viktig. Kalde dagar med sol gir meir enn grå dagar, seier Grindheim og kikkar opp i bøtta som er i ferd med å fyllast.
— Det er snart 10 liter her, seier han nøgd.