Ta Vikedal på alvor

Men, høyrer ein nærare etter, så meiner også dei at å plassera kommunale tenestar i […]

Publisert Sist oppdatert

Men, høyrer ein nærare etter, så meiner også dei at å plassera kommunale tenestar i Vikedal nå berre skal vera ei mellombels løysing. Eg forstår ikkje argumentasjonen frå dei same personane om at ein nå ikkje skal leggja dei til Ølen så fort råd er. Uansett må det vera langt meir redeleg å sei sanninga: For framtida vil ikkje Vikedal vera staden ein har kommunale tenestar. Er årsaka til at Haugland og dei to raude kameratane, Bergsvåg og Håvås, ikkje tør å sei like ut det dei eigentleg meiner mogeleg stemmesanking i Vikedal? Eg trur Vikedalsbuen er såpass oppegåande at dei i valet til hausten gjennomskuar slikt. Vikedal har store muligheter i den nye kommunen, mellom anna når det gjeld utvikling av turistnæringa. Her bør kommunen vera ein aktiv medspelar og hjelpa til med næringsutvikling. Det er ikkje avgjerande for framtida til Vikedal at dei har nokre kommunalt tilsette i eit gamalt kommunehus.
Haugland skriv i sitt innlegg at retninga er rett». Difor kan ein like godt hoppe i det som krype i det.
Ein skal lære av fortida for å byggja framtida. Fortida i gamle» Vindafjord når det gjeld sentrumsbygging aspirerar ikkje til gjentaking. Det har ikkje vore anna enn krangel og spetakkel om kor senteret skulle liggja og om kven som skulle husa dei einskilde kommunale tenestar. Faktisk trur eg at det at me i den nye kommunen skulle få eit på førehand bestemt sentrum, Ølen, var ei av fleire viktige årsaker til at mange stemte ja ved folkeavrøystinga.
Nå gjeld det om å sjå framover. For framtida til Vindafjord er det svært viktig at me snarast råd får etablert eit vekstkraftig senter i Ølen. Med å gjera dei rette tiltaka her vil det gagne alle oss som bur i Vindafjord. Me må få til eit kommunesenter som har utviklingspotensiale i konkurranse med andre sentra i regionen. Det toget går nett no. Spelar me korta våre rett trur eg at også Etne i framtida vil sjå nytten av ein fusjon med oss.
Ein kan ikkje halda fram med slike avgjerder som til dømes med PPT-tenestene der ein mistar fagfolka, samarbeidet med Etne vert meir eller mindre oppløyst og på toppen av det heile plasserar ein tenestane i Vikedal som mellombels løysing. Det hadde vore langt bedre å lagt desse tenestane til Ølen tvert.
Å byggja på Eiotunet slik at ein der kan ta imot dei tilsette som i dag må til Vikedal, treng ikkje kosta kommunen særleg. Dette vil ein først få svar på ved å få laga dei nødvendige byggekalkylene samt at ein må ha ei vurdering av kva salg av naudsynt kommunal eigedom vil innbringa. Såleis vil me i den nye kommunen vår få kommunale tenester i Ølen og Sandeid.
Vindafjord Høyre har vist vilje til langsiktig strategisk tenking. Vi har visjonar for framtida og har sagt krystallklart ifrå kva me meinar. Eg vil oppmoda alle som måtte ha interesse av det, å ta fram eit kart over den nye kommunen vår. Sjå kor strategisk Ølen ligg til på Haugalandet. Vi kan her få til eit spennande sentrum med stort utviklingspotensiale i ein flott kommune. Ein kommune me alle kan vera stolte av. Framtida for oss er såvidt begynt. Men for å få noko til trengst det vilje, handlekraft og tempo, ikkje gå sakte politikk av merke Oddvar Haugland.

Dagfinn Torstveit,
Vindafjord Høyre

Powered by Labrador CMS