Svar til Torleif Børve og Olav Sørheim
Vedtektene våre er heilt klare på dette punktet. Vedkommande overdrog huset til ny eigar 24.06.2002, […]
Vedtektene våre er heilt klare på dette punktet. Vedkommande overdrog huset til ny eigar 24.06.2002, og vart vald inn i valnemnda 29.04.03, altså 10 mnd etter overdragelsen av huset, og var derfor ikkje valgbar. Det stemmer at han har eigedom annan stad i kommunen, men dette er registrert som hytte. På dette punktet er vedtektene våre og klare, hytte-eigarar er ikkje medlem av laget.
Sørheim spør etter kva fastleddet blir brukt til. Nettleiga består av to element, eit fastledd og eit energiledd. Fastleddet skal dekke kostnader til måling, avrekning og ein del nettkostnader som ikkje er avhengig av energiforbruket.
Han skriv og at E-laget sit igjen med 32 øre/kWh. Etter at nettap og kostnader for transport på overliggande nett er betalt, sit E-laget igjen med ca. 21,5 øre/kWh, som skal vere med å dekke investeringar, personalkostnader, drifts- og vedlikehaldskostnader.
Totalt for 2004 hadde E-laget eit overskudd på nettet på kr. 457.000,-.
Me kjem ikkje til å svare på fleire innlegg i avisa. Dersom nokon av medlemmene har spørsmål, kan dei få årsmeldinga med rekneskap for 2004 utlevert på E-laget sitt kontor. Årsmeldinga og rekneskap er godkjent av revisjonsfirma Deloitte og godkjent av eit samrøystes representantskap.
Turid Fosse Becker,
leiar i representantskapet
i Etne Elektrisitetslag
Tom Solvi,
styreleiar
i Etne Elektrisitetslag