Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Supermånen på veg ned bak Asker og Nesodden tidleg tysdag morgon. Foto: Heiko Junge / NTB / NPK
Supermånen på veg ned bak Asker og Nesodden tidleg tysdag morgon.

Supermånen viste seg i all sin prakt

NPK-NTB: Natt til tysdag var månen ekstra stor og rund. Over delar av landet kunne ein oppleve den første av to supermånar i år.

Det blir kalla supermåne når det er fullmåne samtidig som månen står nærast jorda i banen sin.

Ifølgje Wikipedia opplever ein månen inntil 14 prosent større når det er supermåne, og ein ser òg at han lyser mykje sterkare enn vanleg.

Best er det å sjå på supermånen når den ligg nær horisonten, det er då den vil opplevast på sitt mektigaste. Årsaka er korleis hjernen bedømmer avstand – slik at det på ein måte er ein slags optisk illusjon.

Ein supermåne er eit uvanleg fenomen som berre hender nokre få gonger i året. Fortvil ikkje om du gjekk glipp av fenomenet denne gongen. Neste gong supermånen stig på himmelen er allereie 26. mai.

Etter det vil ikkje neste sjanse komme før 14. juni neste år.

Powered by Labrador CMS