Audhild Rygg er ei av dei som styrker jobbkunnskapen med kurs frå Medvind24 og HVL
Foto: Ingvild Rørtveit Myklebust
Studie på heimebane gir påfyll av kunnskap: – Dette kan alle ha nytte av i kvardagen
Kurset Prosjektleiing og prosess er ein del av vidareutdanningspakken Leiing og forretningsutvikling – eit samarbeid mellom Høgskulen på Vestlandet og Medvind24. Kursa blir haldne samlingsbasert i lokala til Medvind24 Næringshage i Ølensvåg, og gir studiepoeng. Det blir også opplyst på
HVL sine heimesider. Lokale kurs, høg nytte
Kurspakken består av korte, fleksible og frittståande emne, og deltakarane vel sjølve kor mange dei vil ta. Målet er å gi påfyll av kompetanse innan mellom anna leiing, økonomi, prosjektarbeid og det grøne skiftet.