Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Eit offentleg organ, som til dømes politiet, er pålagt å bruka målforma som er lagt til grunn i kommunane dei opererer i. Mellom anna i annonser. Her er Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag og Gunnhild Skjold, tidlegare leiar i Norsk Målungdom. Pressefoto
Eit offentleg organ, som til dømes politiet, er pålagt å bruka målforma som er lagt til grunn i kommunane dei opererer i. Mellom anna i annonser. Her er Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag og Gunnhild Skjold, tidlegare leiar i Norsk Målungdom. Pressefoto

Stortinget vedtok Språklova

Publisert Sist oppdatert
— Den nye formålsparagrafen i lova, er historisk bra. Han slår fast at det offentlege har eit særleg ansvar for å fremje nynorsk som det minst brukte skriftspråket. Og at det blir lovfesta, må bety eit taktskifte for norsk språkpolitikk i åra som kjem, seier leiar i Noregs Mållag Peder Lofnes Hauge til Nynorsk pressekontor.

Han håpar følgjene av lova vil bli at styresmaktene aktivt legg til rette for å favorisere nynorsk, så ein kan oppnå reell likestilling mellom nynorsk og bokmål.

Men sjølv om dei er nøgde med mykje, skulle han ønskt at Stortinget ville gå lenger i å stille krav på vegner av nynorsken.

Sanksjonar

Mållaget har særleg gitt innspel knytt til språkreglar for fylkeskommunane, klagerett for organisasjonar, og sanksjonar for brot på den nye språklova. Hauge seier at regjeringspartia på desse punkta ikkje har vore villige til å komme krava i møte.

— Vi meiner jo at Stortinget allereie i dag burde følgt opp den gode formålsparagrafen i den nye språklova. Det lykkast dei ikkje heilt med. Men vi vel å sjå framover og ta med oss at det offentlege sitt ansvar for å aktivt fremje nynorsk no blir lovfesta, og at det er nøydd til å bety ein langt meir offensiv nynorskpolitikk frå styresmaktene i åra som kjem, seier Hauge.

Han har òg forventingar til regjeringa, når dei i år skal leggje fram ei ny opplæringslov.

— Det må bli ei opplæringslov som styrker nynorsken i skolen. Dei må omsetje intensjonane i språklova til praksis og syte for at nynorskelevane får ein betre skolekvardag og ei like god lese- og skriveopplæring som bokmålselevane.

Styrker statusen til språka

— Vi er veldig glade for at Stortinget no endeleg vedtar den språklova vi har venta på i over 10 år. At Noreg endeleg får ei språklov, styrker statusen både til språka våre og til språkarbeidet, seier Gunhild Skjold, leiar i Målungdommen.

Men også ho seier det er nokre punkt ho gjerne skulle sett var annleis.

— Slik lova er no, har ho ikkje tiltak for å oppnå føremålet sitt. Vi saknar konsekvensar for brot på lova, klagerett for organisasjonar og framleis krav til skrivekompetanse for statstilsette.

— Kva vil ei språklov seie for nynorsken?

— Om lova lever opp til føremålet sitt, lover det godt. Dessverre meiner vi at lova snublar på målstreken, og ikkje kjem med dei tydelege og offensive tiltaka som trengst for å styrke nynorsken, seier Skjold.

Powered by Labrador CMS