Saman med regjeringspartia, Arbeidarpartiet og Senterpartiet, sørgde Frp for at begge forslaga vart avviste i Stortinget.
– Vi kan ikkje forby dumskap. Dessverre er det framleis nokon som monterer fyrverkeri uforsiktig og lite tenleg, og det vil nok framleis kunne skje. Den einaste løysinga på det er haldningsskapande arbeid, sa Johnsen.
Han trekte fram omsynet til barna.
– Vi veit at barna gler seg veldig til å fyre opp fyrverkeri.
Forslag frå MDG og SV
Det eine forslaget kom frå MDG og handla om totalforbod mot privat fyrverkeri , og det andre kom frå SV og handla om å endre regelverket for at kommunane skulle kunne forby privat fyrverkeri av omsyn til miljø, støy og dyrevelferd.
– Kommunane har i dag berre høve til å forby fyrverkeri i område der det kan medføre brannfare, sa Andreas Sjalg Unneland i SV i debatten.
Meiner moglegheita ligg der
Justisminister Emilie Enger Mehl (Sp) meiner likevel at kommunane allereie har høve til å forby privat fyrverkeri – også av andre årsaker enn branntryggleik.
– Men vi vil vurdere om det er behov for å be Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap om presiseringar av regelverket i lys av mellom anna denne diskusjonen, sa Mehl.
SV fekk støtte av Høgre og Venstre til forslaget om å gi kommunane høve til å forby fyrverkeri av omsyn til miljø, støy og dyrevelferd, men det heldt ikkje til fleirtal.
– Silkesosialistar
Tor André Johnsen i Frp reagerte på at Høgre støtta forslaget og kalla dei silkesosialister».
– Eg veit ikkje kva slags vurdering Høgre har bak det, men det kan vere ei taktisk og kynisk vurdering at dei ønskjer å sikre seg fyrverkeri i sine eigne Høgre-kommunar, der dei veit at dei har fleirtal. Der blir det sjampanje og kos og moro, og så blir det kjedeleg og mørkt i eventuelle forbodskommunar, sa Johnsen.
Han fekk svar på tiltale av Sveinung Stensland i Høgre:
– Kva dette har med sjampanje og silkesosialisme å gjere, forstår eg ikkje. Vi går inn for eit forslag som handlar om at kommunane skal få lov til å leggje ned eit lokalt forbod mot fyrverkeri, det handlar om lokalt sjølvstyre, det handlar om at vi bur i eit stort land med ei rekke ulike forhold, sa Stensland.
Han ønskjer ikkje fyrverkeriforbod i heimkommunen, men vil likevel gi kommunane høve til å kunne innføre det.
MDG: – Mange gruer seg til nyttårsaftan
Forslaget om nasjonalt forbod mot privat fyrverkeri fekk berre støtte av MDGs representantar.
– Nyttårsaftan skal vere ei felles, gledefylt og inkluderande feiring, men i dag er det dessverre veldig mange i Noreg som gruer seg til nyttårsaftan, anten fordi dei er dyreeigarar, eller fordi dei har eigne opplevingar. Det kan vere traume som gjer at særleg støyen frå rakettane er veldig belastande, sa Une Bastholm i MDG i debatten.
Ho viste til at fyrverkeri fører til fleire augeskadar, og brannar på bygningar.
– Eg kjenner mange som ikkje kan møte andre på nyttårsaftan, møte venner eller reise til familie, fordi dei er nøydde til å vere heime og passe på dyra, sa Bastholm.