Stort trykk for veksande sport
I fjor fekk Erling Bjarte Rullestad og brørne Bjørnar og Lars Kristian Aastvedt ideen om å lage ein frisbeegolfbane og stifta klubben Etne Discgolf. Nå blir det spela over 100 rundar i veka på den nystarta banen på Osnes.
— Det har berre vore positive tilbakemeldingar, seier Bjørnar Aastvedt.
Lars Kristian hadde ikkje høve til å ta turen frå Stavanger til heimbygda denne laurdagen, men mange dugnadsfolk var på plass for å hjelpe broren og Rullestad med å vedlikehalde banen.
Frå småspel til banebygging
Då han budde i Bergen fekk Bjørnar Aastvedt smaken på den stadig veksande sporten. Etter at han flytta heim til Etne i 2021 blei reisevegen til dei nærmaste banane lengre og spelinga følgjeleg mindre hyppig.
— Det var litt sakna her i Etne, fortel han.
Flyttbare korger gjorde at det etter kvar blei mogleg å spele litt uorganisert nær barndomsheimen på Osnes. Då Lars Kristian arrangerte ei turnering med slike korger våren 2021 kom trioen på ideen om å lage ein lokal bane, og Olav Vik-området peika seg ut som det mest passande.
— Me tok kontakt med stiftinga i fjor. Etter ein lengre prosess begynte me å bygge 21. mai i år, fortel Rullestad.
Dei har jobba på gjennom sommaren med skogs- og stirydding, bygging av rampar og utplassering av korger. I juli var banen klar for spel. Prosessen har kravd både løyve, pengar og arbeid. Takkelista til initiativtakarane er lang.
— Mykje folk har bidrege med både pengar, utstyr og arbeid. Me takkar stiftinga, naboar, sponsorar og dugnadsfolk, seier Rullestad.
Mykje folk har bidrege med både pengar, utstyr og arbeid
Stadige utbetringar
Bjørnar Aastvedt beskriv at alle som har blitt spurt har stilt opp på dugnad. Denne dagen er ein stor gjeng på plass med traktor, trillebår, kantklyppar, rake, plankar som hjelp ein med å halde seg tørr på beina når det er blautt og snikkerutstyr til å feste kunstgras på rampene av treverk. Sjølv om banen er fullt spelbar og gir ein estetisk oppleving gjennom både ramper, korger og naturperla og friluftsområdet på Osnes, føler ikkje initiativtakarane seg ferdige ennå.
— Banen skal bli betre, men me er veldig fornøgde med slik den er nå. Den har blitt såpass mykje brukt at det blir ein del vedlikehaldsarbeid etter slitasje. I tillegg ser me på utbetringar, fortel Rullestad.
Dei ni hola varierer i avstand frå rampe til korg frå 56- til 126 meter. Til saman er avstanden 781 meter. Hol 4 har par på fire kast, mens resten har på tre. Nokre av rampene er laga av betongheller, mens andre er i tre med kunstgrasdekke over. Ved kvar rampe er det eit skilt med kart over hòlet og eit dikt av diktaren og skogreisingsmannen Olav Vik.
Når ein spelar på banen kan ein registrere rundescoren sin i appen Udisc. Bestenoteringa per måndag er 23 kast.
Populært tilbod
På den korte tida banen har vore open har den dratt folk i alle aldrar ut på Osnes. Frisbeegolf er ein lågterskelaktivitet, noko Rullestad trekkjer fram som noko sponsorane har sett pris på. Blant dei som var ute å spelte denne laurdagen var Johannes Hustoft Sortland (17), Martin Rullestad Mæland (18) og Håkon Haugland (17).
— Banen er eit veldig godt initiativ, seier Haugland.
Trioen synest det er kjekt å spele frisbeegolf. Dei har vore ute og spelt på banen tidlegare, men ikkje andre stadar. På hol 2 spelte dei ein jamn runde der alle kom nær korga på sitt tredje kast, før dei sette enkle puttar på kast fire.
Hos Sport 1 på Etne Senter merker dei frisbeegolffeberen godt.
— Me pleidde ikkje selje discar før banen på Osnes kom. Nå har me eit veldig godt sal, fortel Rolf Øyjord, ved eit eige bord dedikert til discar i butikken.
Dei som ikkje vil kjøpe sine eigne discar kan låne gratis frå ein stor kasse ved banekartet på parkeringsplassen på Olav Vik-området. Både spelarar og dugnadsfolk storkoste seg i sola på Osnes denne laurdagen. Initiativtakarane verkar å ha skapt noko som blir verdsett av alt frå folk som berre vil komme seg ut, til dei mest dedikerte.
