Stort hjarterom

I Sandeid var det Bondelaget som i år gjorde den viktige jobben å samle inn […]

Publisert Sist oppdatert

I Sandeid var det Bondelaget som i år gjorde den viktige jobben å samle inn pengar til TV-aksjonen. Aksjonen i år har fått namnet, Hjarterom», og pengane går til Kirkens bymisjon og Rådet for psykisk helse. Dei frammøtte bøsseberarane syntes at formålet i år var veldig bra.
Då leiaren i Sandeid bondelag, Torgeir Øverland, fekk spørsmål om dei kunne trø til på årets TV-aksjon var han ikkje vond å be.
— Eg hadde ikkje vanskar med å finne positive folk, sa han.
Solfrid Grønnestad, TV-aksjon ansvarleg i Sandeid, baud alle dei frivillige kaffi og kake før dei vart sendt ut i felten. Med ein så god start, var det ein munter gjeng som tok fatt på innsamlinga.
Dele på godane
Jostein Apeland og Jon Gunnar Ramsfjell skulle gå i byggjefeltet i Sandeid.
— Folk flest har mykje pengar, så det skulle berre mangle om ein ikkje skal dele litt med seg når ein får ein sjanse som dette, sa Jostein Apeland før han ved godt mot sette av garde.

Powered by Labrador CMS