Her er området som er råka av straumbrot i Etne. Skjermbilete: BKK
Store straumbrot i Etne og Vindafjord
BKK opplyser at 256 kundar er råka av eit straumbrot i Etne. Eit kart viser at det er kundar på Sørstranda-området som er råka, Selskapet skriv at det er ein feil i straumnettet som blei oppdaga klokka 06.35. På den siste oppdateringa skriv dei feilen er forventa å bli løyst klokka 13.00. Like over dette klokkeslettet viser BKK sin oversikt at det framleis er 238 kundar som manglar straum. Rett over klokka 15.30 er det framleis 31 kundar som ikkje har fått igjen straumen. Like over klokka 17.30 er varslinga fjerna frå BKK sit straumbrot-kart, og alle har truleg fått tilbake straumen.
I Vindafjord melder Fagne om to straumbrot. Det eine råkar 53 kundar i eit område som inkluderer eit strekke av E134 og stadar som Nedre Austreim. Det blei oppdaga klokka 07.00 og er venta å bli utbetra klokka 12.00. Fagne kategoriserer straumbrotet som ei driftsforstyring. Deira montørar jobbar med å lokalisere og rette feilen. Like før klokka 10. blei talet råka kundar justert ned til 29. Kort tid etter var talet nede i 12. 10.30 er varselet vekke frå kartet, og alle kundane i området har truleg fått igjen straumen.