Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) og finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) skal ha budsjettkonferanse tysdag.
Foto: Thomas Fure / NTB / NPK
Støre om statsbudsjettet: Forsvarssatsinga betyr tøffare prioriteringar i vente
– Eg vil vere ærleg på at når vi satsar så mykje på å ha eit tidsriktig forsvar, blir det mindre ekstra pengar til andre formål, seier Støre på ein pressekonferanse tysdag morgon.
Tysdag møtest regjeringa til den siste budsjettkonferansen sin før statsbudsjettet kjem i byrjinga av oktober. Dei store satsingane er allereie kjende: Forsvar, justis og helse.
– Den tryggingspolitiske situasjonen, kriminalitet og å få ned ventetida i helsevesenet er dei store satsingane. Det er ingen budsjettlekkasje, berre realitetar, seier statsministeren.