Store mengder ulovlege importegg selde i Noreg
Tusenvis av polske egg utan godkjend salmonellagaranti har vorte selde på den norske marknaden den siste tida, ifølgje Nationen.
For å importere egg frå land utanfor Finland, Sverige og Danmark, må ein kunne dokumentere at egga er frie for salmonella.
Dokument som Nationen har fått innsyn i, viser at fleire tusen egg har vorte importerte til Noreg utan at importøren kan vise til nettopp det.
Selskapet Exotic Fruits AS importerte i august eit større parti egg utan at det følgde med eit salmonellasertifikat. Partiet var på godt over 20.000 egg, som har vorte selde til fleire titals butikkar.