I forskingsprosjektet RESTORE skal det undersøkjast korleis restråstoff frå lokalt jordbruk og skogbruk kan brukast til å danne verdifulle produkt og samtidig redusera klimautslepp og avfall.
Arkivfoto: Anne Karin Stautland
Stor samfunnsøkonomisk nytte av oppskriving av offentlege vegar
Vegstandarden på kommunale og fylkeskommunale vegar set store avgrensingar for rasjonell og effektiv transport av tømmer og anna gods. Rogaland og Vestland skil seg ut med dårlegare vegstandard samanlikna med andre fylke.
Dette kjem fram i ein ny rapport utarbeidd av Transportøkonomisk institutt (TØI) i samarbeid med kystskogbruket og Skognæringa Kyst SA, melder statsforvaltaren i Rogaland. Formålet med undersøkinga var å kvantifisera den samfunnsøkonomiske bruttonytten ved å fjerna flaskehalsar på vegnettet i Rogaland og Vestland for tømmertransport og anna godstransport i 40 års perioden 2022 – 2061.