Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Illustrasjonsfoto: Aleksander Andersen / NTB / NPK

Stor pågang på bestilling av Noregsferien

NPK: Dyre feriehus og familieparkar er blant favorittane til nordmenn som òg i år planlegg for Noregsferie i sommar.

— Det er ein vill etterspurnad etter feriehus i sommar, seier kommersiell direktør i Finn reise, Terje Berge, til NRK.

Berge fortel at det er lagt ut nesten 8.000 feriehus på Finn, og at mykje allereie er utleigd. Han fortel òg at mange er villige til å bruke mykje pengar på ferien, og at dei dyraste feriehusa som kostar frå 70-110.000 kroner i veka, er utleigde. Det er òg rekordsal av bubilar på den digitale marknadsplassen, og søket etter båtplassar på Finn er dobla.

Ved Sola bubil i Rogaland fortel dagleg leiar at butikken som sel småvarer til fritid og camping har auka omsetninga med 200 prosent i år, og at salet av bubilar er 20 prosent over sist normalår i 2019.

Familieparkane merkar òg auka pågang. Både Kongeparken på Ålgård i Rogaland, Hunderfossen eventyrpark i Lillehammer, Bø Sommarland i Telemark, Tusenfryd i Ås kommune, og Dyreparken i Kristiansand merkar auka pågang. Medan Kongeparken har 2-til 3-dobla førehandsbestillingane samanlikna med i fjor, har Hunderfossen meir enn femdobla bestilingstala i år samanlikna med i fjor, skriv NRK.

Powered by Labrador CMS