Stor interesse for hytter
Han har til saman 15 hytter på garden sin på Opsal. Åtte av dei er […]
Han har til saman 15 hytter på garden sin på Opsal. Åtte av dei er reiste på den naturskjønne Opsalneset berre eit steinkast frå Vikedal sentrum. Dei andre hyttene er spreidde i utmarka ulike stader på garden. Men ut frå reguleringsplanen for hyttefeltet på Opsalneset, ser Billy Grimås at det er plass til fire nye hytter eller hyttetomter til.
— Eg sendte eit forslag til kommunen om å endra den noverande reguleringsplanen, slik at eg kunna oppretta fire tomter til. Slik det ser ut for meg, vil ikkje desse koma i konflikt med det som er oppført i reguleringsplanen. Men førebels er det berre mine planar det er snakk om, og det er ikkje sikkert at eg får godkjent det i kommunen, seier Grimås.
Interesse for feriebustad
Billy Grimås har merka at interessa for hytter i Vikedal og omegn har auka dei siste åra.
— Hytter i dag er ikkje dei same som dei var for 30 år sida. No er hytter nett som små hus, med alle fasilitetar og i nokre tilfelle med fjernstyrte oppvarmingssystem. I tillegg ser eg at no folk har råd til å reisa til hytta kvar helg, medan før var det meir vanleg berre i ferien, seier Grimås, som per i dag har leigeavtale med hytteturistane frå Stavanger, Ålgård, Sandnes, Odda, Stord og Karmøy.
Hytteopphald året rundt verkar inn positivt på handelsstanden i bygda, meiner han.
— Eg trur at slike hyttefelt kan vera ein god måte for utkantane i Vindafjord å halda liv i forretningane, meiner Grimås.
Hyttetomtene på Opsal i dag er bundne med festeavtalar.
— I staden for å få ein diger sum ein gong, vil eg heller få inntekta for tomtene litt og litt over tid, seier Billy Grimås.