Sølve Østbø (t.v.) og Oliver André Matre frå NMK Vikedal skal kjempa om heider og æra på heimebane i helga.Foto: NMK VIkedal.
Sølve Østbø (t.v.) og Oliver André Matre frå NMK Vikedal skal kjempa om heider og æra på heimebane i helga.
Sondre Åsheim frå Ølen er skal førsvzra arrangørklubben si ære i juniorklassen. Bjørn Cato Aarekol ville vore favoritt, men prioriterer crosskart i helga.
Sondre Åsheim frå Ølen er skal førsvzra arrangørklubben si ære i juniorklassen. Bjørn Cato Aarekol ville vore favoritt, men prioriterer crosskart i helga.

Stor helg for bilcross

28NMK Vikedal lover fart og spenning når klubben inviterer til sesongens høgdepunkt for bilcross-entusiastane. Sølve Østbø er blant favorittane i ein jamn seniorklasse.

Publisert Sist oppdatert

Over 80 bilcrossførarar er klare for Todagarscrossen på Vikedal motorbane laurdag og sundag. Der blir det kjempa om store pokalar, og mykje prestisje står på spel. I tillegg er det kvalifisering til Landsfinalane for bilcross junior og senior som går i august.

— I bilcross junior ville Bjørn Cato Aarekol vore ein klar favoritt etter siger i 3. runde i Vestlandsmesterskapet som gjekk i Bergen i helga som var, og klar leiing samanlagt. Men han er på Finnskogen og kyører NM-runde for crosskart, og skal forsvara sigeren på heimebane i den klassen for tre veker sidan, seier Svein Erik Østberg i arrangørklubben.

Dermed er det kanskje Sondre Åsheim, Ølen, brørne Daniel og Mikal Finnvik, Hebnes, Ole Lønning, Fitjar og søstrene Ingrid og Elise Dybvik Jensen, Torvastad, som må forsvara NMK Vikedal si ære mot dyktige bergenserar og kvinesdølar. Det dukkar stadig opp nye namn som kjempar i toppen i juniorklassen ettersom dei opparbeider seg erfaring.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS