Stor glede med rullatoren
Det er onsdag føremiddag og klokka er i ferd med å nærma seg tolv-talet. I Joa-Kari parken i Ølen har Vigdis Viland (77) og turvenninna Anna Heggebø ( 87) slått seg ned på kvar sitt rullatorsete og set tolmodig og ventar på resten av turgjengen som kan tenkja seg å vera med på dagens spasertur rundt i Ølen sentrum.
Ho har gjennom eit lesarinnlegg i Grannar erkjent at rullator er eit supert hjelpemiddel når ein blir dårlege til beins. Ho oppmoda også andre om å bli med og møtast i Joa-Kari parken på eit gitt tidspunkt, og fekk god respons.
Snart er turgjengen, som i dag består av åtte godt vaksen damer og éin mann, klar til ein times spasertur i strålande sol. Presis på slaget tolv rullar den første rullatoren i veg tett følgt av resten av gruppa.