Det var ikkje berre Etne kyrkja som vart markert med 10-års jubileum og feiring denne helga. Soul Child (6-10 år) feira at det var 10 år sidan oppstart av koret fann stad, medan Soul Children (11-16 år) kunne feire sitt 20 års jubileum med song og glede. Dei vaksne har sitt eige prosjektkor for damer og menn som også har faste øvingsdagar i kyrkja, der organist Tone Heide er dirigent. Det siste arrangementet prosjekt koret deltok på var i forbindelse med 10-års jubileet si gospelnight på fredagen. KM–karane er eit reint mannskor som avslutta feiringa med song og musikk på søndagsgudstenesta.
Heile laurdagen var det ulike aktivitetar for dei minste. Tilreisande deltakarar frå Vindafjord og Sauda Soul Children var med frå morgon til kveld. Fredagsklubben i kyrkja deltok med aktivitetar for barn og unge frå 1.-10. klasse på laurdagen.