Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Stod ikkje til å redda

Publisert Sist oppdatert

For rundt eitt års tid sidan kjøpte Vindafjord Invest AS eigedomen i Sjoargata 30 der det før i tida stod både bustadhus og uthus. Uthuset blei rive i 2018 og denne veka stod bustadhuset for tur. I utgangspunktet ynskte dei nye eigarane å restaurera huset og selja det vidare, men nærmare ettersyn viste at det var i så dårleg stand at det ikkje stod til redda.

— Bygget hadde stått til nedfalls i fleire år. Det viste seg at angrep av sopp og mott hadde gått for langt, seier kjøpar og styreleiar Bjarte Torgrimsen i Vindafjord Invest AS som dermed måtte finna på andre bruksområde for eigedomen midt i Ølen sentrum.

— Me kjøpte huset for å fiksa det, men nå blir det andre planar. Det er ei fin tomt og me har lagt fram ulike forslag og har tenkt på leiligheiter. Me er i dialog med Vindafjord kommune og fylkesmannen om planane vidare, og vil samordna ei eventuell bygging med kommunen sine planar med tanke på gangvegar og planar for området elles, seier Torgrimsen og er på jakt etter samarbeidspartnarar som vil vera med på laget for å setja opp eit bustadbygg på tomta.

Powered by Labrador CMS