Steget nærmare ny handel
Det nye området for forretning i Eiodalen i Ølen er godkjent. Dermed er Ølen sentrumsutvikling steget nærmare eit nytt handelssenter som blant anna skal huse ein daglegvarekjede.
— Vi skal sjå litt på teikningane og planleggje litt meir. Neste trinn blir å sende ein byggjesøknad, seier Johannes Sjurseike, ein av partane i Ølen sentrumsutvikling AS som har hand om eigedommen i Eiodalen og står bak den planlagde utbygginga.
Det er eitt år sidan reguleringsplanen for området vart lagt fram for første gong, og no er den endeleg godkjent etter nye rundar med Satens vegvesen og Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE).
Sikker på utbygging