Det var då bygda fekk sjå denne teikninga det tok av for alvor.
Illustrasjonsfoto: Arkitektkontoret Brekke Helgeland Brekke AS
Statsforvaltaren gir grønt lys til basseng i Skånevik
Statsforvaltaren i Vestland har i eit brev til Etne kommune gjort greie for at dei ikkje vil ha merknadar knytt til ein eventuell dispensasjon for bygging i 100-metersgrensa frå sjø i samband med det planlagde utandørsbassenget i Skånevik.