Nils Ramsvik er oppgitt over at Statens Vegvesen lar dette farlege krysset står urørt til over sommarferien. — Det er farlig, og det er ikkje noko pent for turistar å sjå, slår han fast.
FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Statens vegvesen innrømmer tabbe
Nils Ramsvik er nærmaste nabo til E134, kor ein vesentleg del av trafikken mellom Austlandet og Vestlandet dundrar forbi, i tillegg til alle lastebilar som skal til industriområdet Tongane. Han er sjølv dårleg til beins, støttar seg med gå-stavar når han går og har i tillegg ein liten elektrisk firehjuling han brukar når han ærend rundt om i sentrum.
Berre kantar og hol
No må han i tillegg til å følgje med på trafikken, passa kantar, hol og mellombelse hindermarkeringar som markerer kantar der det fram til for fire veker sidan var midtrabattar.