Kommuneoverlegen i Etne, Elisabeth Selland Winterthun.
Arkivfoto: Grethe Hopland Ravn
Starta året med auke i smittetalet
I Etne kommune er det påvist åtte tilfelle av covid-19 smitte i den første veka i det nye året. Fleire av desse er av den meir smittsame omikron-varianten.
Som mange andre kommunar fekk også Etne ei auke i smittetala etter nyttår, opplyser kommuneoverlege Elisabeth Selland Winterthun, måndag.
I desember var koronasmitten svært moderat i Etne med elleve smitta dei siste fire vekene i desember. Dei åtte tilfella som nå er stadfesta, er eit resultat av juleferie med fleire samla på ein stad.
Etne kommune vaksinerer kvar veke nå i januar, men har ikkje som naboen Vindafjord planlagt massevaksinering for å nå måla om den tredje dosa.