Det er lett å forstå at mange vil ha hytte i stransona.
Foto: Shutterstock/Byggstart.no
Stadig fleire hytter i strandsona trass byggjeforbod
– Det er lett å forstå kvifor folk vil byggje og bu i strandsona. Samtidig er allemannsretten ein stor og viktig del av det norske friluftslivet og den norske hytteopplevinga. Jo meir av strandsona som blir bygd ut, jo meir blir allemannsretten svekt, fortel Audun Bringsvor, generalsekretær i Norsk Hyttelag.
I Noreg er det eit byggjeforbod i 100-metersbeltet langs strandsona. Forbodet er meint å vareta allemannsretten og verne det verdifulle området mot utbygging. Ein treng i utgangspunktet dispensasjon for å byggje i strandsona, men dette stoppar likevel ikkje nye hytter frå å bli bygde kvart år.