Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Dei tre første månadene i år vart det førstegongsregistrert 1.474 elvarebilar her i landet. Foto: Statens vegvesen
Dei tre første månadene i år vart det førstegongsregistrert 1.474 elvarebilar her i landet.

Stadig fleire elvarebilar på vegen

NPK: Registreringstala for nye varebilar viser at det har vore ein jamn auke i delen førstegongsregistrerte elektriske varebilar dei siste åra. Men hittil i 2021 har marknadsdelen gått rett opp.

— I årets tre første månader er det førstegongsregistrert 1.474 elektriske varebilar. Dette utgjer ein del på 23,8 prosent, seier Espen Andersson i Statens vegvesen i ei pressemelding.

For heile 2020 var delen elektriske varebilar på 11,1 prosent.

— Det er ingen grunn til at denne utviklinga ikkje skal halde fram. Det kan sjå ut som at 2021 blir året då elvarebilane kjem for fullt, seier Andersson.

Mange varebilar, spesielt i byane, køyrer relativt få kilometer. Varebilen fungerer også som eit mobilt lager og ein oppbevaringsplass for utstyr, for eksempel for handverkarar. Elvarebilar er også svært anvendelege i nærdistribusjon over kortare distansar.

Ei oppteljing på Statens vegvesens nybilveljar på vegvesen.no viser at det er 12 produsentar som tilbyr meir enn 115 variantar av elektriske varebilar på den norske marknaden.

Powered by Labrador CMS