To av fem bilmerke som selde minst éin bil på den norske marknaden i fjor, vel no å tilby berre heilelektriske modellar.
Citroën, DS, Fiat, Hyundai, Opel, Peugeot, Volkswagen og Lexus er døme på bilmerke som har droppa alle fossile variantar frå 2024. Sjølv om dei har modellar med forbrenningsmotor, anten bensinbilar, dieselbilar eller hybridbilar, vel dei å slutte å selje desse i Noreg.
Desse bilmerka sel berre elektriske bilar i Noreg: BYD, Citroën, Cupra, DS Automobiles, Fiat, Fisker, HiPhi, Hongqi, Hyundai, Jac, Lexus, Lotus, Lucid, Nio, Maxus, Mg, Opel, Peugeot, Polestar, Seres, Smart, Subaru, Tesla, Volkswagen, Voyah, Zeekr og Xpeng.