Språket
Slik kan me jo forstå at nokre næringar som arbeider i og med internasjonale marknader, […]
Slik kan me jo forstå at nokre næringar som arbeider i og med internasjonale marknader, og som er på jakt etter nye medarbeidarar, tenkjer at dei må bruka engelsk som språk når dei søkjer etter dei best kvalifiserte. Men me meiner det berre må vera når dei kjøper plass i utanlandske mediekanalar. I Noreg må me venta at det er vårt eige mål som vert brukt, gjerne saman med det utanlandske. I di eiga avis som du les i no, er me svært klåre på at me skal hegna om det norske sidemålet. For oss er det hovudmålet. Me prøver etter beste evne å halda dette etter klåre normer. Den einaste plassen me tillet andre målformer er på lesarbrevsida. Andre innspel vert omsette sjølv om dette er ressurskrevjande.
Då ein i si tid bestemde å bruka dei moderne omgrepa nynorsk og bokmål i staden for landsmål og riksmål, vart det med ei enkelt stemme fleirtal for å bruka riksmål (i dag bokmål), og ikkje dansknorsk.
Til våren kjem det ei stortingsmelding om norsk språk. Politikarane får tenkja grundig på å bevara eigenarten vår. Sjølv om det no stadig forskast meir og meir i samarbeid med utanlandske institusjonar, vil 98 prosent av norske studentar få seg arbeid i Noreg, med norsk som hovudspråk. Det same gjeld for svenske og danske studentar som praktiserer på heimemålet. Me undrar oss derfor kvifor engelsk skal vera så vanleg i utlysinga etter personell. At me skal læra oss verdsspråka, grundig, er sjølvsagt. Men som ein stor politikar ein gong har sagt; på heimespråket kan du seie det du vil, på eit framandt berre det du kan.