Søt musikk i skulesaka
Arbeiderpartiet og Høgre har funne tonen og presenterer eit fellesforslag som betyr kroken på døra for skulane i Imsland og Bjoa. Ap seier farvel til ordførar-partner Senterpartiet i den mest opprivande saka på lang tid.
Dei to partia går inn for kommunedirektøren sitt forslag der det mest dramatiske er avvikling av skulane i Imsland og Bjoa. I tillegg har dei nokre punkt som handlar om skulefritidsordninga (SFO) og skuleskyss.
Ap og Høgre går i forslaget inn for at kommunedirektøren skal kome tilbake til kommunestyret med ei sak om korleis skuleeigar skal sikre eit trygt og godt skulemiljø også på skulevegen.
Plaster på såret