— Eg likar å fiske og eg fiskar mykje heime, seier Dedieu Mizomiza frå Ølensvåg og kastar ut snøret i håp om å få fisk på kroken.
Den blide 9-åringen synest fisking er heilt topp og bryr seg lite om regnet ausar ned. At fisken bit best når det regnar trur han ikkje heilt på, for så langt har han ikkje fått eit einaste napp.
— Eg har ikkje fått fisk. Men eg skal fiska litt til, seier han optimistisk.