– Alle kan ikkje vere humanistar eller samfunnsvitarar, seier Høgres partileiar og statsministerkandidat Erna Solberg.
Foto: NTB / NPK
Solberg vil tvinge universiteta til å prioritere nyttige» studiar
Høgre-leiar Erna Solberg varslar at partiet vil tvinge norske universitet til å tilby fleire studieplassar innan fagområde med stor arbeidskraftmangel, som teknologi og helse.
– Framover blir det endå viktigare at vi får fleire studieplassar på områda der vi treng folk og har behov for meir arbeidskraft. Det vil også innebere at ein fjernar nokre andre studieplassar for å få det til, seier
Erna Solberg til Aftenposten.
Ho understrekar at studiar utan klare jobbutsikter bør nedprioriterast.