Søker bedrifter til integrering
— Dei aller fleste flyktningar ønskjer å klare seg sjølve, vere ein del av eit fellesskap og vere til nytte. No ser me etter bedrifter som kan tilby praksis, og me er opptekne av å kopla rett person med rett bedrift, seier programrådgivar Tom Hove Tønnesen i integreringstenesta ved Nav Vindafjord-Etne til Vindafjord kommune si nettside.
Interesserte bedrifter blir bedne om å sende inn kontaktinformasjon, med lovnad om at integreringstenesta skal ta kontakt innan få dagar. Tønnesen fortel at det ikkje er faste tidsfristar for bedrifter som ønskjer å tilby praksis gjennom introduksjonsprogrammet, sidan deltakarane startar på ulike tidspunkt.
— Me er først og fremst interesserte i å komme i kontakt med arbeidsgjevarar som ønskjer å vere ein arena for språkpraksis, arbeidstrening, nettverksbygging og på sikt mogleg tilknyting til arbeidslivet, opplyser han i ein e-post.
Tilpassar opplegget
Kommunen skriv at integreringstenesta og bedriftene saman blir einige om rammer for praksisen til deltakarane i introduksjonsprogrammet. Integreringstenesta tilbyr oppfølging, støtte og råd under heile forløpet.
Det blir vist til at eit historisk høgt tal flyktningar har kome til Noreg. Mange av desse er vaksne og deltek i introduksjonsprogrammet med mål om å få arbeid eller utdanning.
— For å hjelpa flyktningar til å starta sine nye liv her, treng me å samarbeida med fleire bedrifter, skriv kommunen.
Integreringstenesta tilpassar opplegget slik at praksisen blir tilpassa arbeidsgjevar og deltakar, men den vanlegaste løysinga er arbeidspraksis to dagar i veka. Lengda på praksisen varierer. Som regel blir det først avtalt tre månaders praksis, men nokre deltakarar treng ei lengre utprøving, for eksempel seks månader. Dersom bedrifta ønskjer å avslutta samarbeidet, blir arbeidspraksisen avslutta, og kommunen følgjer opp kandidaten vidare.
Betalt av kommunen
Bedrifter som tar imot flyktningar frå introduksjonsprogrammet, forpliktar seg til å gi arbeidserfaring til deltakaren. Dette kan vere dagleg leiar, butikksjef, lærlingansvarleg eller ein vanleg tilsett.
— Det vil vere viktig å inkludera deltakaren fagleg og sosialt og stille med ein kontaktperson, skriv Vindafjord kommune.
Kommunen kan ved behov tilby regelmessige møter med bedrifta og flyktningen for å diskutere framgang, utfordringar og eventuelle tilpassingsbehov. Oppfølginga kan bli gitt av ein norsk- og ukrainsktalande praksiskontakt ved behov. Rettleiing kan bli gitt i form av rådgjeving og støtte frå kommunen si side for å bidra til ei vellukka integrering.
Bedriftene betaler ikkje lønn til dei som er med i programmet. Deltakarane får introduksjonsstønad frå kommunen. Flyktningane har rett til introduksjonsstønad medan dei har praksis. Det vil sei at det er kommunen som betaler lønn medan deltakaren er i praksis.
I slutten av perioden tar programrådgivar Tom Hove Tønnesen kontakt for evaluering med informasjon om vidare moglegheiter. Om samarbeidet blir avslutta, ønskjer integreringstenesta at deltakaren får ein attest/referanse til hjelp ved framtidig jobbsøk.