Gunnar Dalen er styreleiar i SØK-stiftinga.
Arkivfoto: Kari Aakra
SØK: Skal avgjera potten til felles nytte
I slutten av august er det duka for generalforsamling i Skånevik Ølen Kraftlag (SØK). Her står mellom anna vidare utvikling av SØK AS på dagsorden.
Etter lang tid med strenge koronarestriksjonar er det igjen opna for generalforsamling i SØK. I slutten av månaden er alle som har fått to dosar covid-19 vaksine velkomne til å ta turen innom Kulturhuset i Sjøperlo måndag 30. auagust. Gjeldande koronaregler tillet at fullvaksinerte som viser koronasertifikat kan sitja som normalt, og skulle det dukka opp uvaksinerte finst dei ei løysing for desse også. Hurtigtesting og utviding av arealet på 500 sitjeplasser kan bli aktuelt for å ta i mot alle.
Framtid
I 2017 blei Skånevik Ølen Kraftlag selt til Haugaland Kraft mot aksjer i haugalandselskapet. I omdanninga blei det bestemt at det store deler av det årlege aksjeutbytet skulle gå til allmennyttige føremål i det tidlegare SØK-området som omfatta gamle Ølen kommune og tidlegare Skånevik kommune. Nå blir spørsmålet kva som skal skje med den allmennyttige delen. I innkallinga føreslår styret store endringar i organiseringa av SØK, mellom anna å oppretta ei eiga stifting som skal vidareføra støtte til allmennyttige og liknande føremål.