Styreleiar Maren Tungesvik Tveiten i Skånevik kultur- og idrettshall SA håpar å kunne invitere til nyoppussa samfunnshus før sommaren neste år.
FOTO: GOOGLE STREET VIEW/PRIVAT
SØK-midlar til etterlengta opprusting i Skånevik
Skånevik kultur- og idrettshall SA er ein av mange som no kan nyte godt av midlar frå SØK-stiftinga. Dermed ligg det an til ei etterlengta oppgradering av bygda si stortstove.
Styret i SØK-stiftinga har vedtatt å dele ut 3 millionar kroner til lokale tiltak i 2024. Pengane går til eit breitt spekter av aktivitetar og prosjekt i området til det tidlegare nettselskapet Skånevik og Ølen kraftlag, med særleg vekt på bygdeutvikling og fritidstilbod.
Nytt kjøken
Eit av tiltaka som er tilgodesett er eit etterlengta opprusting av 2. etasje ved Skånevik kultur-og idrettshall. Storstova i Skånevik er blitt 30 år gamal, og då melder behovet for oppussing og vedlikehald seg. For nokre år sidan blei gamle lysarmatur i idrettshallen skifta ut med LED-lys, det blei installer nye dusjar og taket blei reparert. Og no er det samfunnsdelen i andre etasje som står for tur, og SØK-stiftinga gir 260.000 kroner til prosjektet.