Endeleg kan Sajih Hamdan smila. Men heilt letta og fri for bekymring er han ikkje.
Foto: Grethe Hopland Ravn
Snart slutt på ventetida
I midten av april 2014 sette Sajih Hamdan føtene sine på norsk jord for aller første gong. Då hadde han allereie vore på reis i éin månad frå Syria via Tyrkia og så til Noreg. Å reisa frå kona og barna var det verste, men skulle han klara å redda familien sin frå krig og naud såg han ikkje anna utveg. Å leva 16 månadar i uvisse har vore heilt umenneskeleg for Hamdan og tidvis har det nesten vore vanskeleg å pusta.
— Dei sa heile tida at det kunne ta opp til 18 månadar å få svar, så eg har ikkje venta meir enn andre. Men det har vore tøft. Landet mitt er blitt ein farleg stad å vera, og bekymringa for familien er der heile tida, seier han.
No kan syraren endeleg pusta litt lettare, for i starten på januar kom meldinga han har venta på. Familien og sju av barna får lov til å koma til Noreg.