Illustrasjon
Arkivfoto: Arne Frøkedal
Snart lyser gatelysa igjen
Allereie i desember fekk både BKK, Etne kommune og Statens vegvesen melding om at heile fire gatelys midt i sentrum var ute av drift. Trafikantar fortel at det på kveldstid er svært uoversiktleg langs vegen og folk som ferdast ute, spesielt utan refleks, tar ein viss risiko.
Noko som har vekt oppsikt er at vekene går utan at det er noko med problemet, trass i at dei forskjellige instansane vedgår at dei har fått inn fleire meldingar om dei manglande gatelysa. Problemet er berre: Kven har ansvaret når vegen er ein europaveg?
Bjørn Eikemo i Etne kommune kan fortelja at han seinast onsdag i sist veke hadde dialog med Statens vegvesen.