05-21-covid-19 korona

Smittetalet held seg på over tusen

NPK-NTB: Det siste døgnet er det registrert 1.034 koronasmitta i Noreg. Det er 30 færre enn dagen før, men 162 fleire enn same dagen førre veke.

Ved midnatt natt til fredag er det registrert 84.553 koronasmitta personar her i landet, viser førebelse tal frå det nasjonale meldesystemet for smittsame sjukdommar (MSIS).

Det er tredje gongen på like mange dagar talet på nye smitta ligg over 1.000, noko som ikkje har skjedd tidlegare under pandemien. Ved midnatt natt til onsdag og torsdag var tala høvesvis 1.156 og 1.064.

Dei siste sju dagane er det registrert til saman 6.512 nye smittetilfelle i Noreg. 4.279.786 koronatestar er til no utførte i landet.

475.794 personar har fått første dosen av koronavaksinen, og 259.996 personar har fått den andre dosen.

225 koronapasientar var torsdag innlagde på sjukehus. Det var éin færre enn dagen før. Til saman er 648 koronasmitta personar døde i Noreg sidan mars 2020, viser førebelse tal. Om pasientane har døydd av eller med covid-19, er ikkje alltid mogleg å slå fast.

62,3 prosent av alle døde har fylt 80 år. I aldersgruppa under 50 år er det meldt om ni dødsfall i Noreg. (NPK)

Haugesund: Kommunen melder fredag morgon om 26 smitta siste døgn og 124 smitta personar denne veka. Det er det det muterte viruset som herjar på Haugalandet.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS