Ekspressen» er kjøpt tilbake til Stavanger og blir ferdig restaurert til byjubileet i Stavanger i 2025.
Her er Ekspressen» på prøvetur i Italia i 1961. Av omsyn til ein annan båt som har det gamle namnet, vil båten nå heita Dsd Ekspressen».

Smekker italienar snart tilbake

For 62 år sidan vart det sjøsett ein sjarmerande liten hydrofoilbåt i byen Messina på Sicilia. Etter litt komplikasjonar kjøpte Det Stavangerske Dampskibsselskap (DSD) båten. Båten revolusjonerte reisetidene for folk i Ryfylke, men gjekk sin siste tur Stavanger-Sandeid i 1975. Til Stavanger sitt byjubileum i 2025 skal båten vera ferdig restaurert.

Publisert Sist oppdatert

DSD hadde i 1960 fått levert hydrofoilbåten Vingtor», og nesten identiske Sleipner» var under bygging ved verftet i Messina. Ein mindre hydrofoilbåt som var under bygging som lastebåt, var kontrahert av ein mafiaboss. Han hamna i fengsel, så det blei sett inn passasjerseter i lasterommet og DSD kjøpte sin tredje hydrofoilbåt i 1961.

Etter kun rundt 14 år i teneste blei Ekspressen» nokre år reservebåt, før båten fekk eit liv som husbåt i Sarpsborg og seinare Arendal.

Då båten var ny seilte den både i Sandeid- og Saudaruta. Dei siste åra berre i Sandeid-ruta, men då to gonger dagleg med ein tur til Jørpeland midt på dagen.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS