Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Maryna Novik (123) ligg godt an i løypa. Bak henne kjem Bjørn Ivar Svendsen (114), Tor Arne Sandvik (112), Nils Saltnes (113), Sindre Ekornrud (122) og Hans Christian Osaland (117). Foto: Grethe Hopland Ravn
Maryna Novik (123) ligg godt an i løypa. Bak henne kjem Bjørn Ivar Svendsen (114), Tor Arne Sandvik (112), Nils Saltnes (113), Sindre Ekornrud (122) og Hans Christian Osaland (117).

Slo sin eigen rekord med 20 sekundar

Publisert Sist oppdatert

Under store paraplyar eller godt pakka inn i regnklede stod publikum spent å venta på fellesstarten på årets Langs Åkrafjorden-løp. Med ujamne mellomrom dundra høljeregnet laus, og vinden tok godt tak i paraplyane. Likevel var det gode forhold å springa i, meiner Maryna Novik som deltok i sitt trettande Langs Åkrafjorden.

— Eg synest det var gode forhold i dag, men kroppen spelte ikkje heilt på lag. Eg har vore litt småpjusk den siste veka, og beina var tunge. Så eg visste allereie før løpet av dette kom til å bli tungt, seier vikedalsbuen, som legg til at ho hadde håpa på ei tid under 40 minutt.

Det heldt akkurat ikkje, for etter elleve seige kilometer sprang Novik i mål på tida 40.10, elleve fattige sekund under personleg mål.

Powered by Labrador CMS