Kommunane må ha eige opplegg for veljarar som er i karantene eller har luftvegssymptom, og fleire stader blir det tilbode drive-in-stemming, spesialtilpassa vallokale eller omreisande valløysingar.
Veljarar i koronaisolasjon skal ikkje dra til vallokalet og må bestille heimestemming av kommunen. Siste frist for dette er måndag klokka 10.
For symptomfrie menneske er det vanlege vallokale som gjeld. Det blir ikkje gjort noka registrering av folk til smittesporing.
– Fordi sannsynet for å vere nærkontakt er så liten, og omsynet til hemmeleg val tilseier det, skal veljarar som møter opp for å stemme, ikkje registrerast for mogleg smittesporing, heiter det i smittevernrettleiaren som er laga til valet.
Kan nekte handsprit
Veljarane blir oppmoda om å vaske hendene med handsprit ved framkomst og når dei forlèt stemmelokalet. Men det er lov å nekte.
– Det er viktig å understreke at sjølv om kommunen har ei plikt til å tilby handsprit, er det ikkje eit krav at veljaren bruker dette. Det er altså ikkje mogleg å avvise ein veljar på grunnlag av at vedkommande ikkje vil bruke handsprit, heiter det i rettleiaren.
Det blir ikkje rekna som smittefarleg å ta på stemmesetlane.
– Så lenge god handhygiene blir vareteken før og etter bruk av utstyret, vil risikoen for smitte vere låg. Det er per i dag lite som tyder på at papir er ein relevant smitteveg, og god handhygiene blir rekna som tilstrekkeleg tiltak ved handtering av stemmesetlar og anna papir.
Kødanning
I utgangspunktet er det ikkje noko munnbindkrav i stemmelokala, men det kan vere innført lokale reglar for dette.
Det blir lagt opp til god avstand i køen, noko som har ført til lange køar enkelte stader allereie under førehandsstemminga.
Det kan bli ein del kø òg på valdagen, og kommunane vil derfor ha vakter som passar på at det går føre seg på ein trygg måte.
– Sidan det kan tenkjast at ein veljar må stå i kø over noko tid, vil krava til avstand i køen vere ekstra viktig for å redusere risikoen for å bli smitta, heiter det i smittevernrettleiaren.
I år har rekordmange førehandsstemt, noko som kan føre til litt mindre trykk enn vanleg på valdagen. Torsdag var talet førehandsstemmer oppe i 1,3 millionar, noko som svarer til 34,3 prosent av alle stemmeføre.
Nettopp koronasituasjonen har vorte trekt fram som ei årsak til at mange har valt å førehandsstemme.
(NPK)