Her er teikningane av Solbakken. Arkitektkontoret Brekke Helgeland Brekke AS står bak utforminga.
Slik blir dei nye bustadene i Solbakken
Seljebakken i den form som er i dag, er snart historie. Så snart det nye prosjektet ovanfor rådhuset står ferdig, vil dei seks leilegheitene på Seljebakken bli erstatta av sju nye på Solbakken. Fem av desse leilegheitene vil vere tilpassa bebuarar med psykisk utviklingshemming. I tillegg blir det bygd to leilegheitar for familiar med avlastingsbehov, og stort, felles personalrom. Utanfor blir det hage og leikeplass.
— Namnet er valt i samarbeid med bebuarane. Det er mange som klarer å seie Seljebakken, og sidan Solbakken er ganske likt, vil det nye namnet vere greitt å lære seg. Dessutan er det mykje sol på den nye staden, seier avdelingsleiar for Seljebakken, Anne Liv G. Imsland.
Eksakt byggjestart er enno litt uvisst, men det er forslag om september/oktober. Totalt sett er det budsjettert 42 millonar kroner til prosjektet, inkludert husbankfinansiering.