Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Leirdeltakarane følgde spent med då harane blei sleppt ut i Stokkadalen.Foto: Irene Mæland Haraldsen
Leirdeltakarane følgde spent med då harane blei sleppt ut i Stokkadalen.

Sleppte småharar i skogen

Publisert Sist oppdatert

På ein liten grøn grasflekk langt oppi lia ein halvtimes spasertur frå Stokkadalsvatnet i Vats set fem små hareungar trygt plassert i eit lite bur. Dei har reist heile vegen frå Flekkefjord der dei såg dagens lys for første gong for seks veker sidan, og nå er dei klar til å ta fatt på sitt nye liv i Stokkadalen. Lite anar dei små hareungane at vegen ut i det fri skal bli dagens høgdepunkt for ein flokk nysgjerrige leirdeltakarar som har tatt turen til fjells for å få med seg den uvanlege hendinga.

— Kan me gå heilt bort til dei, lurer ungane og stiller seg ved sida av buret.

Når alle har fått høve til ein kikk er tida inne for å opna døra mot fridomen, og la hareungane ta sine første hopp ut i den store verda.

Powered by Labrador CMS