Jotunheimen privatistskule for Vågå, Lom og Skjåk i Gudbrandsdalen opna måndag 18. august. Privatskulen for vidaregåande elevar i Lom er eit resultat av at den offentlege skulen vart vedteken lagt ned av fylkestinget i Innlandet i fjor.
Foto: Geir Olsen / NTB / NPK
Skulenedlegging skapar privatskule-boom
Ei kartlegging
Utdanningsdirektoratet (Udir) gjorde i fjor viste at det var blitt 376 færre grunnskular i 2024, samanlikna med 16 år tidlegare. Særleg er det små skular i små kommunar som blir lagde ned.
– Hol i velferdssystemet gjer at private aktørar veks fram i sektorar som skule, omsorg og helse. I dette tilfellet gjeld det særleg for distriktsskulane. Offentlege distriktsskular blir lagde ned, og foreldra som ikkje vil sende barna sine på buss i timevis startar i staden private skular, forklarar Hege Bae Nyholt, stortingsrepresentant for Raudt og leiar av utdannings- og forskingskomiteen på Stortinget.
Til skulestart denne hausten opna Jotunheimen privatistskule i Lom, etter at den offentlege vidaregåande skulen blei vedteken lagd ned av fylkestinget i Innlandet i fjor. I åra som kjem er det venta at fleire andre offentlege skular også blir lagde ned.